Red Heart Society

Lysskar barnehage og Red Heart Society

Samarbeid med Red Heart Society

Kvart år arrangerer me sirkus i barnehagen, som ei avslutning på barnehageåret før sommarferien startar for fullt. Her kjem foreldre, søsken, besteforeldre og det som kan krype og gå av slekt og venner. Me tar litt inngongspengar og sel sirkusmat. Dei penganen med får inn, går direkte til Red Heart Society.

Kven er Red Heart Society?

Red Heart Society er ein frivillig organisasjon som arbeider for eit betre liv for innbyggerane på Sri Lanka. Landet har vore herja av borgarkrig i over 20 år og var hardt ramma av tsunamien i 2004. Organisasjonen hjelper dei til å hjelpe seg sjølv, mellom anna ved produksjon av dørmatter som dei selger videre.

Med midlane Lysskar barnehage har sendt ned, har dei bygd på eit toalett på skulen dei starta. Dei er og godt i gang med å starta ein ny barnehage. Dei nyttar kun lokal arbeidskraft og befolkninga får sjølv vere med å utvikle levebrødet sitt.

Vart du nysjerrig på Sri Lanka og Red Heart Society? Ta gjerne kontakt med oss vaksne i barnehagen eller gå inn på organisasjonen sine nettsider (klikk her).