SIRKUS

Det var som vanleg ein fantastisk flott dag å ha sirkusforestilling på. Sol frå skyfri himmel slik det pleier.

Det som var litt meir uvanleg var at vi finværet hadde vart ei stund, og vi måtte ikkje sjekke yr.no mange gonger i løpet av dagen. Oppmøtet var stort, og det var eit flott, og stolt publikum som lot seg imponere over artistane sine nummer.

Forestillinga vart også dette året ei magisk reise kor vi fekk oppleve bl.a. drillingjenter, jungeldyr, trylling og sterke jenter.  

Sal av inngansbillettar, pølser og kaker, gav ein flott sum , kr. 10.179, som vi kunne sette inn på kontoen til Red Heart.  Tusen takk til alle som bidrog, slik at Otto også neste år kan drive barnehagen på Sri Lanka.

Det er også mogeleg å bestille matter hos Otto.  Gje beskjed i barnehagen, så bestiller vi for deg.  Mattene kostar kr 400.